Hopp til hovedinnhold

Skuleslutt: Ta med filene dine før du sluttar!

No er straks skuleåret slutt og vi kjem med den årlege påminninga om at du slutter i VLFK må sjølv passe på å ta med deg dataene dine om du vil ha dei med vidare. Du vil ha tilgang til systema våre utover sommaren ei tid, men vi oppfordrar deg til å kopiere ut det du treng så fort som mogleg (innan utgangen av juni). Aktuelle system å hente ut data frå er Itslearning, Office365/Teams og Google (og sjølvsagt andre system du bruker).

Her er nokre tips til kva du sjølv kan gjere

Itslearning

Du kan laste ned filer via nettlesaren, eller eksporter (zip-fil formatert som IMS-innholdspakke) data til egen maskin.

Office 365/Teams

Det er fleire metodar for å hente ut filar og opplysningar. Du kan laste ned filer via nettlesaren, med eige flytteverktøy frå Microsoft m.m. Nedanfor finn du ei hjelpeside frå Microsoft som 

Elever: eksportere en kopi av arbeidet ditt fra OneNote, Klassenotatblokk, Teams og OneDrive - Støtte for Microsoft

Google

Det er fleire metodar for å hente ut filar og opplysningar. Du kan laste ned filer via nettlesaren. Eller du kan overføre filene dine til ein privat Google-konto. Klikk her for å bruke Google sin funksjon for å kopiere filer og mapper til din private Google Drive.

OneNote

Du kan ta vare på innhald frå eigne eller lærarane sine notatblokker ved å lagre innhaldet som PDF-filer. 

OneNote for Windows 10-appen

Opne notatblokkene i OneNote for Windows 10-appen.
Klikk på knappen med dei tre prikkane oppe til høgre og så på Skriv ut. Så vel du skrivaren "Microsoft Print to PDF", så på valet for sider "Gjeldende notatblokk" > Skriv ut. Vel kor du vil lagre PDF-fila med skolearbeidet, t.d. ein privat OneDrive, minnepenn e.l.

OneNote (2019 eller Microsoft 365-programmet)

Vel Fil > Eksporter > Eksporter Notatblokk > Formatet PDF (*.pdf) > Eksporter > Vel kor du vil lagre PDF-fila med skolearbeidet, t.d. ein privat OneDrive, minnepenn e.l.

I OneNote-programmet kan du også eksportere notatblokker som OneNote-pakkar om du vil. Desse pakkene kan du opne og bruke utan skule-kontoen din.

OneNote for Mac 

Vel Fil > Lagre som PDF > Skriv inn eit filnamn og vel kor du vil lagre PDF-fila med sida frå notatblokka.

På Mac kan du berre eksportere enkeltsider som PDF. Skal du eksportere heile notatblokker må du gjere det på ei Windows-maskin.

Deaktivere BitLocker på Windowsmaskiner

Har du ein elev-pc som du har brukt med iskule-kontoen din er det veldig lurt å deaktivere BitLocker. BitLocker er ein sikkerheitsmekanisme som gjer at du treng ein kode for t.d. å skifte disk i maskina di. For å slippe å kontakte oss for å prøve å få tak i koden er det lurt å deaktivere BitLocker.

Slik deaktiverer du BitLocker:
Klikk på Start > Skriv BitLocker > Klikk på "Administrer BitLocker" > Klikk på "Deaktiver BitLocker" > Klikk på "Deaktiver Bitlocker" i sprettopp-vindauget

NB! Digitalpedagogar eller IKT-konsulentar på skulane vil vere ressurspersonar for elevar og lærarar som får problemer med å laste ned data.