Utskrift

Når du skal skrive ut på skulen din må du først laste opp dokumentet til utskrift.

Slik gjer du det:

  1. Logg deg inn (på lenka over) med brukarnamn og passord.
  2. På venstre side klikkar du på "Last opp jobb". Du kjem då til ei ny side der du enten kan dra dokumentet du skal skrive ut over eller navigere deg fram til det på pc-en din.
  3. Når du har valt korleis utskrifta di skal sjå ut klikkar du på "Last opp".
  4. Gå til næraste skrivar. Er dette første gong du skriv ut kan du registrere elevkortet ditt på maskina ved å halde kortet mot kortlesaren. Har du ikkje elevkortet med deg kan du også logge på med brukarnamn og passord.
  5. Skriv ut dokumentet ditt.