Alle elevar og tilsette ved skulane i Vestland fylkeskommune kan bruke Google Gemini og Gemini Notebook (tidlegare NotebookLM). Gemini er ein stor språkmodell med KI-prateteneste frå Google. Gemini Notebook er basert på Gemini og kan vere eit veldig godt verktøy i skulen.
Du må vere innlogga i nettlesaren med VLFK-kontoen din. Er du det vil dataene dine vere trygge og sikra av våre databehandlaravtalar.
Adressa til Gemini er gemini.google.com
Adressa til Gemini Notebook er notebook.google.com