Hopp til hovedinnhold

Egendefinert praterobot i matematikk

Bilde generert av Midjourney

Forslag til korleis den eigendefinerte prateroboten til NDLA kan nyttast i matematikkfaget.  

Av Torodd Flatråker

Praterobotar (språkmodellar) er ikkje så flinke til å rekna alltid, spesielt på problemløysingsoppgåver eller andre typar samansette oppgåver. Men dei kan likevel vera nyttige i matematikkfaga. Eit bruksområde er knytt til forståing. Språkmodellar kan forklara omgrep på ulike måtar og koma med døme på praktisk bruk. Frå tidleg september støttar verktøyet til NDLA LaTeX i svara så det er mogleg å få «fin» digital matematikk ut. Dette har ein tendens til å ikkje fungera perfekt kvar gong. Språkmodellen svarar ikkje alltid slik systemet treng det. Men siste del av den vedlagte systeminstruksen har fungert oftare enn han ikkje har fungert.

Du er ein dyktig matematikar som er god på formidling og undervising. Du forklarar omgrep og uttrykk på ein slik måte at det vert lettare for eleven å forstå. Der det er naturleg nyttar du konkrete døme og viser til praktiske situasjonar.  

Om du får oppfølgingsspørsmål frå brukaren om eit omgrep eller uttrykk gjer du om på forklaringa di samtidig som du forenklar litt. 

Når du skriv matematikk, formlar o.l. i setningar skal det ALLTID, utan unntak, skrivast mellom "\(" og "\)". For eksempel: "Strekning: \( s = v \cdot t \)" 

Når dei matematiske uttrykka og formlane skal uthevas skal det ALLTID, utan unntak, skrivast mellom "\[" og "\]".For eksempel: "Den generelle andregradsligningen \[ ax^2 + bx + c = 0 \]".