Hopp til hovedinnhold

Grunnleggjande KI-kompetanse for elevar

Biletet viser eit klasserom der ein lærar står framfor ein PowerPoint-presentasjon på tavla med overskrifta “KI-kompetanse”. På skjermen står punkta: “Kva er KI?”, “Korleis trenes KI?” og “Korleis bruke KI på ein ansvarleg måte?”. Læraren forklarer med engasjert kroppsspråk til ein gruppe elevar som sit ved pultar med opne PC-ar. Elevane følgjer med og ser interesserte ut, nokre skriv notatar medan andre ser på skjermane sine. I bakgrunnen strøymer naturleg lys inn gjennom store vindauge, og rommet er lyst og innbydande. Biletet gir eit inntrykk av ein moderne og engasjerande undervisningssituasjon der elevane lærer om kunstig intelligens.

Kunstig intelligens er i ferd med å bli ein naturleg del av kvardagen, både i skulen og i arbeidslivet. Dette stiller nye krav til den digitale kompetansen elevane treng. For å kunne bruke språkmodellar og andre KI-verktøy på ein trygg, etisk og læringsfremjande måte, må elevar ha ei grunnleggjande forståing av kva KI er, korleis teknologien fungerer, kva moglegheiter den gir, og kva utfordringar som følgjer med. Denne forståinga er ikkje berre viktig for å ta i bruk KI-verktøy, men også for å forstå samfunnet me lever i, og korleis KI påverkar oss i kvardagen.

Kvifor treng elevar KI-kompetanse? 

Ifølgje HKdir si rapport om kunstig intelligens i universitets- og høgskulesektoren, vil KI vera sentral i framtidas utdanning og arbeidsliv. Rapporten belyser behovet for at elevar og studentar utviklar teknologisk kompetanse og dømmekraft, slik som evna til å stilla kritiske spørsmål, forstå korleis algoritmar påverkar informasjonen dei får, og vurdera kva verktøy og kjelder dei bruker. Dette er ferdigheiter dei treng for å kunna navigera i eit samfunn som er stadig meir prega av KI. Les mer om korleis generativ kunstig intelligens blir brukt i høgare utdanning.

I 2021 rapporterte SSB at 1 av 10 norske bedrifter med minst 10 tilsette nytta ein eller fleire teknologiar som er baserte på kunstig intelligens. I 2024 melde NHO at andelen har auka til éin av fire bedrifter. I denne rapporten slår NHO fast at behovet for digital kompetanse og KI-ferdigheiter vil auka kraftig i åra som kjem, ettersom mange arbeidstakarar i dag ikkje har tilstrekkeleg kompetanse på området. Rapporten peikar også på at den største barrieren for å ta i bruk KI i arbeidslivet er nettopp mangel på relevant kunnskap. Sjølv om endringar innan KI skjer fort, er det avgjerande at elevar som skal ut i arbeidslivet, tileignar seg grunnleggjande ferdigheiter i bruk og forståing av KI. 

Kva er grunnleggjande KI-kompetanse? 

UNESCO har utvikla eit kompetanserammeverk somskal hjelpa skular og styresmakter med å førebu elevane til å bruke og utvikle KI på ein ansvarleg, berekraftig og rettferdig måte. Rammeverket skal sikre at opplæringa ikkje berre handlar om tekniske ferdigheiter på kommersielle KI-plattformer, men også om å utvikla kritisk tenking, etisk medvit og refleksjon rundt korleis KI påverkar menneske, samfunn og miljø. Målet er å gjere elevane til ansvarlege og kreative medborgarar som kan bidra til å skape inkluderande, rettferdige og berekraftige KI-løysingar. Rammeverket skildrar elevane si KI-kompetanse på tre nivå: Forstå, bruke og skape.

Grunnleggjande KI-kompetanse handlar ikkje berre om å kunna bruka verktøya, men også om å forstå dei. Elevane treng kunnskap som gjer dei til reflekterte og kritiske brukarar av KI-teknologi.

Denne artikkelen tek utganspunkt i dei to første nivåa i UNESCO sitt rammeverk for å skildre kva som ligg i omgrepet grunnleggjande KI-kompetanse, og korleis dette kan forståast innan tre sentrale område. Det vert òg peika på relevante ressursar og læringsaktivitetar som kan bidra til å utvikle desse kompetansane hos elevane.

Forstå i grove trekk kva kunstig intelligens er og kjenne til nokon underformer (til dømes maskinlæring og generativ KI). Dei kan óg kjenne igjen der KI blir brukt i samfunnet (t.d. i mobilappar, spel, nettbutikkar og sjølvkøyrande bilar).

Kva er kunstig intelligens og korleis verker det?   

Kunstig intelligens handlar om at maskiner kan utføra oppgåver som tidlegare kravde menneskeleg tenking, slik som å forstå språk, løysa komplekse problem eller kjenna igjen mønster. No kan datamaskiner ved hjelp av maskinlæring utføra desse oppgåvene. 

Kunstig intelligens har allereie vorte ein del av kvardagen vår, sjølv om me ikkje alltid legg merke til det. Når TikTok foreslår videoar du vil like, Google Translate omset tekst på sekund, eller Google Maps varslar om trafikkorkar, er det maskinlæring som arbeider i bakgrunnen. Derfor er det viktig at elevar forstår både moglegheitene og utfordringane KI fører med seg. I framtida vil KI påverka dei fleste jobbar og samfunnsområde. Å kunna bruka KI på ein medviten og ansvarleg måte vil vera ein viktig del av digital kompetanse i framtida.  

Her er nokre gode ressursar du kan bruke i undervisning: 
  • I læringsstien Kunstig intelligens (AI) - Mediesamfunnet 1 - NDLA vil elevane læra om kunstig intelligens, maskinlæring og algoritmar. Læringsstien som inneheld videoar, oppgåver og situasjonsbeskrivingar, gir ei fin innføring i grunnleggjande kunnskap om kunstig intelligens.  
  • NDLA har ein eigen kategori i verktøykassa for lærarar om kunstig intelligens. Her finn du fleire gode ressursar om temaet. 

Kva er språkmodellar? 

Ein språkmodell er ein type generativ kunstig intelligens som er trena opp til å produsera tekst som verkar naturleg og menneskeskapt. Gjennom maskinlæring har modellen analysert og lært av tekstmengder bøker, artiklar, nettsider og andre kjelder. Dette gjer at den kan skriva, forklara og fungera som ein digital samtalepartnar. Når me skriv til ein språkmodell, bruker den språklege mønster den har lært til å produsera eit relevant svar.  Språkmodellar «forstår» ikkje tekst på same måte som menneske, men dei er svært gode til å kjenna igjen mønster og gi meiningsfulle svar baserte på det den har lært i frå treningsdata.  

Språkmodellar og praterobotar kan vera nyttige verktøy i skulearbeid. Dei kan hjelpa elevar med å forstå vanskelege omgrep, forbetra skriving, hjelpa dei med å komma i gang med oppgåver eller forklara fagstoff frå nye vinklar, tilpassa nivået til eleven.  

Språkmodellar kan produsera informasjon som er faktisk feil, utdatert eller farga av skeivskapar frå treningsdataa. Dei kan også framstilla usikre påstandar med stor sjølvtillit, noko som kan villeia elevane. Det er derfor viktig at elevane bruker modellane på ein kritisk og reflektert måte og har kunnskap om kva ein språkmodell er, korleis dei fungerer og kva dei kan brukast til (evt. ikkje bør brukast til). Artikkelen Prateroboter og kritisk bruk på NDLA går gjennom fordelar og utfordringar ved bruk av språkmodellar. Den tek også for seg kva svakheiter som ligg innebygde i desse modellane og kva ein bør vera obs på (som hallusinering og skeivskapar/bias). 

Dei forstår at KI-system blir trena på data, og at kvaliteten på data påverkar resultata. Dei kan til dømes forklare at ein KI-modell som kjenner igjen ansikt, er trena på mange bilete av ansikt. Dei kjenner til enkle prinsipp for korleis ein algoritme fungerer, og forstår at datasett kan innehalde skeivskapar (bias) som kan vidareføre fordommar og stereotype oppfatningar i samfunnet. 

Kva er data?

Data utgjer grunnmuren i all kunstig intelligens. Når språkmodellar skal trenast opp, blir det brukt enorme menger tekst, bilete og lyd. Jo meir data modellen får tilgang til, jo «smartare» kan den bli. Men her ligg også utfordringa: dataa som blir brukte til trening kan innehalda feil, fordommar og utdatert informasjon som direkte påverkar korleis KI-systemet oppfører seg. 

For elevar er det derfor viktig å forstå samanhengen mellom data og KI. Kvaliteten på treningsdataa avgjer kor treffsikre svara blir. Ein språkmodell som er trena på skeive eller mangelfulle datasett kan reprodusera desse problema i svara sine. 

Det er også viktig at elevane reflekterer over si eiga rolle som dataprodusentar. Gjennom sosiale medium og ulike appar og nettaktivitet bidreg dei kontinuerlege med data som kan brukast til å trena opp nye system. Kunnskap om dette kan hjelpa elevane med å ta meir medvitne val rundt kva dei deler og korleis dei bruker digitale tenester 

Delta i Data - Spillpakken 

Spillpakken Delta i Data er ein god ’bli-kjent aktivitet’ for oppstarten av skuleåret. Spela har vorte utvikla i Erasmus+ prosjektet DALI, og vidareutvikla av SLATE (UIB), med hjelp frå KI-gruppa i Vestland Fylkeskommune. Spelpakken gir elevane ei grunnleggjande forståing av kva data er, ulike typar data, samtidig som det er ein sosial aktivitet som lèt elevane blir kjend med kvarandre. Hausten 2024 fekk alle vidaregåande skular i Vestland tilsendt 1-3 klassesett. Kvart sett inneheld spel nok til ein klasse (opptil 32 elevar), men det kan også delast opp (for 2 x 16 elevar). Spela kan også lastast ned (i Pdf-format). 

Spelpakken inneheld to spel, Delta Delta og Datasisfjellet: 

Data Delta er eit kortspel som blir spelt i grupper. Spelet kan fungera som ein sosial bli- kjend-aktivitet samtidig som det er eit godt utgangspunkt for dialog om nettbruk og data.   

Dataisfjell består av to delar: den første delen er eit Memory-spel, der spelarane skal finna to kort som har same bilete. I den andre delen av spelet skal spelarane prøva å kategorisera og plassera kort-paret på eit spelbrett under “rett” data-kategori. På denne måten er spelet både sosialt og morosamt, samtidig som det opnar for diskusjonar i gruppa om ulike typar data 

Det er utvikla Undervisningsopplegg på edutrust.slateresearch.ai. Desse kan nyttast samen med spela. Her finn du både lærarrettleiing og en utfyllande presentasjon. 

Her er nokre gode ressursar du kan bruke i undervisning: 
  • I læringsstien Kunstig intelligens (AI) - Mediesamfunnet 1 - NDLA vil elevane læra om kunstig intelligens, maskinlæring og algoritmar. Læringsstien som inneheld videoar, oppgåver og situasjonsbeskrivingar, gir ei fin innføring i grunnleggjande kunnskap om kunstig intelligens.  
  • Det å forstå korleis KI-modellar blir trena opp kan hjelpa elevane å forstå moglegheiter og avgrensingar med KI. I ressursen Øv deg på maskinlæring med Teachable machine - på NDLA kan elevane bruka maskinlæring for å laga KI-modellar på ein svært enkel måte med Google teachable machine.  

Dei kan bruke enkle KI-verktøy, som til dømes chatbotar, på ein trygg og læringsfremjande måte i skulearbeidet sitt. Dei viser ansvarleg bruk av KI, til dømes ved å unngå å dele sensitive data. Dei forstår kva slike verktøy kan brukast til, og kva dei ikkje eignar seg for. Dei kan reflektere over korleis KI påverkar kvardagen deira og samfunnet, både positivt (nye moglegheiter) og negativt (utfordringar som personvern eller skeivskapar).  

Trygg bruk av KI 

Når ein bruker praterobotar og andre KI-tenester er det viktig å ta omsyn til personvern. Mange av leverandørane lagrar og kan bruka informasjonen dei får gjennom spørsmål, svar og tekst som brukarar skriv i tenesta. Denne informasjonen kan brukast til analyseformål, å forbetra systema eller å trena nye versjonar av modellen. Det er derfor viktig å aldri dela personleg eller sensitiv informasjon når ein bruker KI tenester.  Mange av tenestene får også tilgang til namn, e-postadresse og annan informasjon når ein til dømes må registrera seg før bruk. Bruk alltid verktøy som er godkjent av skulen. Vestland fylkeskommune bruker NDLA sine praterobotar. Desse er trygge å bruka og varetek personvern. For å bruka praterobotane må ein logga inn på Min NDLA - NDLA med feide. 

Fylkeskommunen har utvikla eigne Retningslinjer for bruk av KI. Det er lurt å gjera seg kjend med desse og gå igjennom dei saman med elevane.  

Dersom ein ønskjer å jobba meir med personvern, så har datatilsynet laga eit eige undervisningsopplegg for ungdomsskule/vidaregåande rundt temaet. 

Tenk.faktisk.no har laga ein undervisningspakke kalla “KI i klasserommet ”. Denne er utvikla for elevar på ungdomsskule og vidaregåande. Den inneheld artiklar, videoar og oppgåver som tek elevane igjennom kva KI er, utfordringar med KI, korleis avsløra Ki-generert innhald og korleis ein kan bruka fleire kjelder for å vurdera innhald. 

Læringsfremjande bruk av KI 

KI kan vera ein nyttig ressurs og vera til god hjelp for elevar, dersom det blir rett brukt. I staden for å la elevar gjera jobben for seg, kan dei bruka praterobotar som ei støtte til å læra betre. Dei kan t.d. få hjelp til å forstå vanskelege tema og omgrep, forenkla fagtekstar og få forklaringar på eit anna språk eller få forslag til korleis dei kan strukturera ein tekst. Dei kan bruka KI til å stilla spørsmål som dei kanskje ikkje tørr å spørja læraren om. Elevar treng å læra korleis dei kan bruka KI på ein måte som gir betre læring.  

NDLA har laga ei samling med generelle tips og råd til elever med døme på god og dårleg bruk av språkmodellar. 

Korleis skriva gode leietekstar 

Når ein bruker språkmodellar, er det viktig å stilla gode spørsmål for å få gode svar. Språkmodellar verkar på ein annan måte enn eit nettsøk. Jo tydelegare og meir presise spørsmålet ditt er, jo betre svar får du. Instruksjonane ein gir til praterobotane kallar me for leietekstar. Å laga gode leietekstar handlar om å vita kva du vil ha svar på, vera konkret og formulera spørsmålet (input) presist. Ofte krev dette at ein har ein del forkunnskapar om temaet. For å læra elevane meir om å formulera gode leietekstar har NDLA laga  læringsstien - bli god på instruksar på NDLA.no. Denne inneheld konkrete tips, oppgåver og ei samling med døme på gode leietekstar. 

Praterobotar som hjelp i skriveprosess 

Praterobotar kan hjelpa elevar med å skriva betre og vera ei god hjelp i skriveprosessen. Artikkelen Prateroboter som skriveverktøy på NDLA forklarer korleis elevar kan bruka praterobotar på ein god måte og gir gode konkrete tips til korleis praterobotar kan nyttast i ulike fasar av skriveprosessen.  

Korleis referera til KI? 

Når elevar nyttar KI-verktøy i skuleoppgåver er det viktig at dei lærer å vera opne om bruken. Me må rettleia elevane i korleis dei kan referera til KI på ein ryddig og ærleg måte, på lik linje med andre kjelder. Elevane bør også rettleiast til å ikkje bruka KI som ei kunnskapskjelde. Dette er det fleire grunnar til: 

  • Tekst frå KI kan innehalda feil, mangelfull og utdatert informasjon 
  • Informasjonen kan innehalda skeivskapar og vera einsidig framstilt  
  • KI genererer ny tekst kvar gong den får eit spørsmål. Sjølv om du stiller akkurat same spørsmål som sidemannen, så kan de få ulike svar.

Elevar bør derfor sjekka opp all informasjon dei får frå KI i andre sikre kjelder og referera til desse kjeldene framfor KI.  

Dersom dei har brukt KI som hjelp bør dei opplysa i teksten kva slags hjelp dei har fått, til dømes idéutvikling, språkvask eller forklaringar. Dei bør også ha med kva leietekst dei brukte, og kva svar dei fekk frå språkmodellen. Dette kan eventuelt leggjast ved i eit vedlegg.  Dei må også læra korleis KI skal førast opp i ei kjeldeliste. KI blir då lagd inn som ei programvare til dømes: 

OpenAI. (2023). NDLA Elevhjelp (23. mars versjon) [Stor språkmodell]. NDLA. https://ndla-ki.no/prateroboter/elevhjelp/ 

Du kan lesa meir om referanseføring på Kunstig intelligens (ChatGPT, Writesonic mfl.) – Kildekompasset 

KI-pedagog Torodd F. Ottestad har laga ei kort innføring til kjeldehandteringsverktøyet Zotero 

Du kan lese meir om UNESCO sitt rammeverk her: AI competency framework for students