Hopp til hovedinnhold

Bruk Notebook LM for å lage visuell støtte for elevar

Visuell støtte fremjar læring og gjer det enklare for elevar å forstå og hugse fagstoffet. Notebook LM kan generere profesjonelle infografikkar direkte frå dine eigne kjelder, men utan litt styring kan resultatet bli rotete, teksttungt og lite målretta. I denne artikkelen viser vi deg to enkle strategiar for å ta kontroll over genereringa – slik at infografikken faktisk støttar læringa.

Av Rune Mikal Birkeland

Visuell støtte hjelper elevar med å forstå og hugse fagstoffet betre, og er særleg nyttig for elevar med dysleksi, autisme eller språkvanskar. I språkopplæringa skapar bilete ei direkte kopling mellom ord og tyding, noko som gir djupare læring. I tillegg gjer visuelle element læringa meir motiverande og tilgjengeleg.

I Notebook LM kan ein no raskt generere grafikk basert på kjelder ein sjølv har valt. Desse kan vere gode, men ofte støyter ein på nokre utfordringar:

  • Viktig innhald kan bli utelate fordi verktøyet sjølv vel kva som skal vere med.
  • Det blir for mykje tekst og for mange detaljar, noko som tek fokus vekk frå det viktigaste.
  • Innhaldet blir organisert på verktøyet sin eigen måte, med overskrifter og underoverskrifter som ikkje nødvendigvis passar.
  • Stilen kan opplevast som keisam og lite engasjerande.

For å få meir kontroll over grafikken som blir generert, kan ein bruke to strategiar:

1. Bearbeide fagstoffet først

Bruk chatten for å hente ut fagstoffet ein ønskjer å visualisere frå kjeldene. Spør om å få ei liste, beskriv ein prosess/framgangsmåte eller andre ting ein ønskjer å lage. Notebook LM genererer ofte mykje tekst, så det kan vere lurt å gi instruksar som avgrensar dette. Viss svaret ein får er godt, kan ein lagre svaret som notat og konvertere til kjelde. Viss ikkje kan ein bruke «Legg til notat»-funksjonen, lime inn svaret frå chatten og bearbeide det før ein konverterer notatet til kjelde. Når ein skal generere infografikken, markerer ein berre den nye kjelda.

2. Tilpasse infografikken

Trykk på blyant-symbolet på infografikk-knappen. Då kan ein gi spesifikke instruksar om grafikken som skal genererast. Her kan du til dømes gi instruksar om kva overskrifter og kva innhald som skal vere med, korleis bakgrunnen skal sjå ut, korleis innhaldet skal organiserast og kva stil du ønskjer. Dersom ein har bearbeidd kjeldematerialet og ønskjer å avgrensa teksten til akkurat det ein har laga i eit notat, kan ein be om det her. Ein kan òg velje språk og format for infografikken.

Her kjem nokre døme på korleis du kan bruke desse strategiane i praksis:

Ei visuell ordliste kan vere nyttig fordi bilete hjelper elevane med å kople ord til tyding på ein meir direkte måte enn ei vanleg ordliste. Dette kan gjere det enklare å hugse nye ord, og er særleg til hjelp for elevar som strevar med ren tekstbasert læring.

I dette dømet har eg laga ei visuell ordliste over handverktøy for elevar på TIF. Her er framgangsmåten:

  1. Eg markerte kjelda og gav denne instruksen i chatten: «Lag ei liste over omgrep og verktøy. Skriv kort.»
  2. Eg fekk ei liste med svært mange omgrep og verktøy, så eg bad han om å lage ei ny liste og sortere orda i kategoriar. No fekk eg ei liste som var meir handterleg.
  3. Eg trykkte på «Legg til notat» nede på venstre side. Her kopierte eg halvparten av orda i kategorien «Handverktøy» frå chatten og lime dei inn i notatet.
  4. Så konverterte eg notatet til ei kjelde.
  5. Eg markerte den nye kjelda eg laga og trykkte på blyant-ikonet på infografikk-knappen.
  6. Eg valde norsk og detaljert grafikk og la inn følgjande instruksjon: 

    Lag en visuell ordliste for en elev på TIF. Lag realistiske tegninger med farger av hvert verktøy. Skriv navnet på verktøyet - Ingen beskrivelse. Bakgrunnen skal være hvit. Det er VELDIG viktig at du tar med alle 14 verktøyene. Overskrift: "Håndverktøy TIF»

Ein illustrert framgangsmåte kan gjere det enklare for elevane å forstå, hugse og følgje trinnvise prosessar. Når kvart steg blir vist visuelt, blir det enklare å sjå samanhengen mellom dei ulike delane.

I dette dømet har eg illustrert prosedyre for måling av blodsukker frå NDLA. Her er framgangsmåten:

  1. Eg markerte kjelda og gav denne instruksen i chatten: «Lag ein framgangsmåte for måling av blodsukker. Skriv kort.»
  2. Eg lagra svaret som notat og konverterte det til ei kjelde.
  3. Så markerte eg den nye kjelda og trykkte på blyant-ikonet på infografikk-knappen.
  4. Eg valde norsk og detaljert grafikk og la inn følgjande instruksjon:
    Lag en illustrasjon av prosedyren for en elev på helse og oppvekstfag (HO). Lag realistiske tegninger med farger av hvert steg av prosedyren. Beskriv kort hvert steg. Det er VELDIG viktig at du tar med alle 10 stegene. Overskrift: "Prosedyre for måling av blodsukker". Bruk BARE tekst fra kilden. IKKE legg til noe. Bakgrunnen skal være hvit. 

Når visuell støtte tek utgangspunkt i elevane sine eigne interesser, kan det auke motivasjonen og engasjementet for fagstoffet. Det blir enklare å knytte nye omgrep til noko kjent og meiningsfullt, noko som kan gjere læringa meir relevant og lettare å hugse.

I dette dømet har eg laga ei oversikt over kosttilrådingane for ein elev som er oppteken av Minecraft:

  1. Eg markerte kjelda og gav denne instruksen i chatten: «Beskriv ein plakat som forklarar kosttilrådingane for ein elev som er oppteken av Minecraft».
  2. Lagra svaret i notat og konverterte det til ei kjelde.
  3. Markerte den nye kjelda og trykkte på infografikk-knappen.