Hopp til hovedinnhold

Prateroboter i NDLA - KI for elevar og lærarar

Illustrasjon som viser NDLA sin logo og ordet praterobotar

NDLA har laga ei tilrettelagt og sikker KI-teneste for bruk i skulane våre. Tenesta er ein praterobot tilsvarande det mange kjenner frå ChatGPT, MyAI i Snapchat og BingChat.  Den er tilgjengeleg for elevar og tilsette gjennom Min NDLA.  

NDLA sin praterobot bruker språkmodellar levert gjennom Microsoft, basert på den same teknologien som ligg i ChatGPT.

Korleis bruke NDLA si KI-teneste?

Gå til ndla.no og logg på https://ndla.no/minndla med Feide. Der ligg det lenke vidare til NDLA sin praterobot. På sida med praterobotane ligg det to versjonar, ein for elevar og ein for lærarar. Her ligg det også lenker til gode læringsressursar om kunstig intelligens.

Retningslinjer

  • Ikkje del sensitiv informasjon.
  • Ikkje bruk denne tenesta til å vurdere elevarbeid.
  • Ikkje bruk tenesta som plagiatkontroll.
  • Ha ei kritisk haldning til svara du får frå denne tenesta. Ikkje ta alt prateroboten seier, for god fisk! Språkmodellen produserer tekst ut frå mønstergjenkjenning og sannsynsrekning. Han gjer ingen vurderingar knytte til rett eller gale, sant eller usant.